Hopp til hovedinnholdet
Toggle mobile menu

Di bedrift

Innovasjon krev pågangsmot og ressursar, og inneber risiko for dei bedriftene som er villige til å vere nyskapande. Det er viktig å sikre seg så godt som mogeleg mot piratkopiering slik at fruktene av arbeidet du har lagt ned tilkjem deg, og ikkje den som snyltar på innsatsen til andre.

Piratkopiering er ein risiko som verksemda di bør ta høgde for gjennom heile produktet sitt livsløp, heilt frå idé til ferdig produkt, og når produkta blir selde i marknaden.

Du kan verne dei immaterielle verdiane til verksemda på forskjellige måtar, men det finst ikkje ei skreddarsydd løysing som passar for alle. Det er derfor viktig at du tek aktivt stilling til kva måte som passar best for bedrifta di.

Piratkopiering er ikkje ei uskuldig form for kriminalitet utan ofre. Piratkopiar kan skade forbrukarane si helse og tryggleik. Piratkopiar skader merkevarene sitt omdømme, og forbrukarane kan miste tilliten til kvaliteten til dei ekte produkta.

Tidlegare var det særleg luksusvarer som vesker, solbriller og klokkar som vart piratkopiert. I dag har fenomenet spreitt seg, og produsentane av piratkopiar er blitt svært profesjonelle.

Piratkopiar rører i dag så å seie alle bransjar og produkttypar, som for eksempel matvarer, hushaldsartiklar, leikar, elektronikk, flydelar, bildelar, insektmiddel, sigarettar, møbel osv. Også komponentar og delar til vidare produksjonslinjer blir piratkopiert i stort omfang.

Piratkopiering har ifølgje Interpols Casebook frå 2014 ein klar samanheng med alvorleg organisert kriminalitet. Produkta blir produserte utan noka form for kvalitetssikring og berre med rask, ulovleg profitt for auget.

På desse sidene kan du lese meir om korleis verksemda din kan unngå å bli piratkopiert, korleis du unngår piratkopierte produkt og komponentar i eiga produksjonslinje og korleis du kan unngå å piratkopiere andre.

Sist oppdatert: 23. mars 2015